Utruleg uheldig at Dyrsku’n blir avlyst


Publisert: 04.06.2020

Aslak Snarteland, leiar i Telemark Bondelag

Det er nå klart at Dyrsku’n i Seljord 2020 blir avlyst. Dei skriv på nettsidene sine at dette blir fyrste gong det tradisjonsrike arrangementet, som har vore arrangert ei ubroten rekke sidan 1866, ikkje skal gå av stabelen.

Leiar i Telemark Bondelag, Aslak Snarteland, er og styreleiar i Dyrsku’n, Dyrskuplassen og Telemark Landbruksselskap. Han kommenterer avgjersla slik:

“Det er med tungt hjarte vi har beslutta å avlyse årets Dyrsku i Seljord. I meir enn 150 år har dette vore eit årleg arrangement som har samla bønder,bygdefolk og mange tilreisande til etter kvart Norges største landbruk  og handelsmesse.

Dyrskun har for meg som bonde og Vest Telemarking vore ein særs viktig arena. Her har vi delteke i alle år med husdyr på utstilling, profilering av landbruk på ulike vis, dugnadsarbeid, og ikkje minst ein sosial møteplass med 85000 besøkande over tre dagar.

Når eg no er leiar i Telemark Bondelag, Telemark Landbrukselskap og ikkje minst Dyrsku’n AS, føles det ekstra vemodig å måtte slå ein strek over årets arrangement. Til Dykk som så trofast har besøkt Dyrskun opp gjennom åra, stått på stand, stilt ut dyr og vore med å laga det fantastiske folkelivet Dyrskun er: Eg lovar at når situasjonen i landet gjeldande covid 19 er under kontroll og vi får lov å arrangere Dyrsku att (forhåpentlegvis i 2021), skal vi saman lage tidenes arrangement.

Fyrst av alt liv og helse, difor ingen Dyrsku i år.”

Les meir på nettstaden til Dyrsku’n

Arkivfoto fra Dyrsku’n i 2014. Hanna Otilie fra Stokke stiller ku på Dyrsku’n

 


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag