Nyttårshelsing frå Aslak og Thorleif


Publisert: 30.12.2019

Bondelagslederne i Vestfold og Telemark
Bondelagslederne i Vestfold og Telemark

Gode bondekollegaer i Vestfold og Telemark!

Vi har snart lagt bak oss 2019, og er på full fart inn i eit nytt år. Det er ikkje så mykje tid til refleksjon, men vinteren er ei tid der vi i landbruket kan hente oss inn og førebu oss til vekstsesongen.

Året som har gått har bydd på mange spanande utfordringar for landbruket. Nokon kan nesten verke uoverkomelege, men vi har landa med beina på jorda og fått til gode løysingar i dei fleste store sakene (jordbruksoppgjeret med meir enn kronemessig lik utvikling, grøntsatsinga, nedskalering av mjølkeproduksjon, klimaavtale, dyrevelferdprogram, veterinær vaktordning osv.)

Utfordringane står også i kø for komande år. Fyrst og fremst håpar vi inderleg at vi får ein god vekstsesong, slik at vi framleis kan levere dei framifrå råvarene alle vi bønder vil at forbrukaren skal ha. Det å produsere mat av 1. klasse er motivasjon nr 1 hjå oss som driv i landbruket. Vi i Bondelaget må framleis arbeide hardt for at  det vert lagt rammer omkring Norsk landbruk som gjer at dette er mogleg. Dette er viktig i alle ledd, og i heile Norges land. Her skal alle være med, og vi skal framleis ha ei fordeling av produksjon utifrå naturgjevne tilhøve.

Vi går og ei tid i møte der organisasjonen vår skal tilpassas og etterkvart slåas saman til eit fylkeslag (Vestfold og Telemark Bondelag). Her skal vi bruke god tid, men vi har ein endeleg frist til 01.04.2022, for å bli eit fylkeslag. Prosessen framover vil vise om vi treng så lang tid. Uansett skal alle bli høyrd, vi skal lage eit lag for heile det nye fylket, der alle blir med med. Alle er like viktige – frå Møsstrond i Vinje til Sande i Vestfold.

Det er gjennom det breie arbeidet og den store medlemsmassa Bondelaget har gjennomslagskraft, dette gjer  at vi verkeleg vert lytta til hjå styrande organ.

Vi vil med dette få takke dykk alle for eit strålande år som har gått!

Vi går inn i det nye året med stor iver og pågangsmot, med same mål om produksjon av framifrå landbruksprodukt til beste for forbrukar og bonde.

Godt nytt år, alle kollegaer i landbruket i Vestfold og Telemark!

Beste helsing

Torleif Muller, leiar Vestfold Bondelag, og  Aslak Snarteland, leiar Telemark Bondelag.

Alle er like viktige – frå Møsstrond i Vinje til Sande i Vestfold
Aslak og Thorleif

ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag