Ingen eple utan bier!



Dei fleste frukttre treng pollinering frå andre sortar for at det skal bli frukt.
Det er her biene
kjem inn og gjer ein viktig jobb med å flytte pollen
mellom frukttrea. Dei kan tilby velsmakande nektar som biene treng for å lage honning
og frukttrea får god pollinering tilbake.




I tida rundt blomstringa står det bikubar ute i mest alle frukthagar. 
Om fruktprodusenten ikkje har eigne bier, leiger han bier av ein birøktar som kjem med sine bikubar og plasserer dei ut. Og når blomstringa er over blir dei henta inn att og plassert andre stader der det er mat for biene.


Dermed er eit viktig samspel utført der frukttre får pollinering som gjev nydeleg frukt om hausten, og biene får rikeleg med nektar å lage honning av! 



Tekst og foto: Mikkel Aanderaa