Premiedryss på TINEs årssamling


11.03.18 Vestfold Produsentlag i TINE, med leder Kari Lise Joarsdotter Breivik i spissen, hadde sin årssamling på Karlsvika gård 6. mars. I år var det hele åtet stykker som fikk spesiell utmerkelse for god melkekvalitet. Laget melder også om et år med stor aktivitet og de ser et ungst prosdusentniljø med mange som synes melkeproduksjon og landbruk er spennende og givende.


Vi har fått referat fra årets produsentsamling

Tine Årssamling 060318 Orientering

Det var gjennomgang av årsresultat og årsmelding og diskusjon om veien videre.

 

Året i produsentlaget 

Gjennomgang av årsmeldinga viser eit lag med stor aktivitet. Alt ifrå spissa fagmøte til større sosiale tilstelningar. Fleire av aktivitetane er gjort i samarbeid med Nortura og Tyr. Påskelunsjen og sommertreffet er dei største.

 

I 2017 har me hatt 62 hentepunkt som har levera 15,7 mill litermjølk, der 2,6 er økologisk. Sjølv om det har vore ein til to sam har slutta kvart år, opplevast miljøet som positivt og høgt faglegt interessera. Det er eit par generasjonsskifte kvart år, og me ser eit ungt miljø som syns mjølkeproduksjon og landbruk er spennande og givande. Tross dagens politiske styre og stell.

 

Orientering fra TINE

Informasjonen frå TINE hadde denne gonga stort fokus på marked, nye innovasjonar, trender og endra mønster hos forbrukar. Salg av søtmjølk er stadig dalande. Fløte, yoghurt, rømme og ost har òg hatt negativ utvikling i 2017. Dette er store bidragsyterar inn i kassa, og det kjennast at salget har hatt den utviklinga. Derfor er det viktigt å ha fokus på kva som skjer hos forbrukar. Kva trender og haldningar som er i emning. Helst før
forbrukaren har skjønna det sjølv.

 

Med nedgang i salg av volumprodukta, og bortfall av eksporten om to år, krev det større forståelse for forbrukarens ynskje og behov enn før. Mjølk og ost selger ikkje seg sjølv på same måten som før. Forskning og utvikling og tettare dialog med forbrukaren, samt ein sunn norsk konkurranse, er avgjerande for å oppretthalde salg av norsk mjølk i butikk. Det vil igjen gje eit sterkt selskap som er med på å trygge den norske bonden
over heile Norge.

 

Valg 

AU har bestått av Kari Lise J Breivik som ledar, Andreas Botne som nestledar, Bjørnar Steinsholt som medlem og GENO-kontakt, Kari-Mette Kalager fast møtande 1.vara og Svein Gunnar Askjem 2.vara. Alle tok gjenvalg.

 

Valgkomitéen har bestått av Tor Lid Wåle som ledar, Thorbjørn Aske nestledar og Merethe Hoksrød medlem. Tor Lid Wåle gjekk ut, Thorbjørn Aske blei ledar, Merethe Hoksrød nestledar og Thorbjørn Olsen kom inn som nytt medlem.

 

Andreas Botne er årsmøteutsending for Vestfold Produsentlag til TINE sitt Årsmøte 24.-25.april. Kari Lise J Breivik deltek på årsmøtet som EUV-medlem. Elisabeth I. Hokstad er konsernstyremedlem. Dermed har Vestfold tre produsentar på årsmøtet.

 

Melkekvalitet 

Vestfold har i fleire år hatt utfordringar med celletal, og i 2017 gjorde me eit godt hopp oppover på statistikken. Me gjekk frå 94% elite pga celletal, til 98%. Elitemjølksandelen totalt  auka frå 92,4% til 97,4%. På alle kvalitetsparametera ligg Vestfold nå over landssnittet! Det er me glad for!
      

Tine Årssamling 060318 Plankettutdeling

Premiedryss 

I 2017 var det heile åtte stykk som hadde gjort seg fortjent til spesiell utmerkelse for mjølkekvaliteten.

 

5-årsplakett til:  

  • Bjørn Victor Folkvord

10-årsplakett til:

  • Anine og Bernt Eliassen
  • Torunn og Bjørnar Steinsholt        
  • Tor Anton Stensholt 
  • Vibeke og Andreas Kvalevåg 
  • Heidi og Arne Martin Malerød
  • Espen Finden

Den gjevaste utmerkelsen er ny og heiter Melkespannet. Den gjekk til Anne Elisabeth og Agnar Dammen for 25 av 25 år med elitemjølk. Eit fantastisk resultat som krever særs godt og nitidig arbeid jamt og trutt. Dei fekk ein skarve blomsterbukett på årssamlinga, men det er fordi dei er invitera til ein egen festmiddag med hotell for sylvtine- og melkespannmottakerar kvelden før årsmøtet. Her blir dei gjort stas på og hedra med mange gode ord.

 

GRATULERER TIL ALLE SAMMEN!

      

Tine Årssamling 060318 Plankett til Bjørn Viktor Folkvord

5-årsplankett til Bjørn Viktor Folkvord

 

Tine Årssamling 060318 Plankett til Bernt Eliassen

10-årsplankett til Anine og Bernt Eliassen

Tine Årssamling 060318 Plankett til Stensholdt Samdrift

10-års plankett til Tor Anton Stensholt og Bjørnar Steinsholt i Styrvoll Landbruksdrift DA

Tine Årssamling 060318 Plankett til Kvalevåg

10-års plankett til Vibeke og Andreas Kvalevåg

Tine Årssamling 060318 Melkespannet til Anne Elisabeth Dammen

“Melkespannet” for 25 års elitemelk til Agnar og Anne Elisabeth Dammen

 

 

 

Produsentlaget ser fram til eit nytt år med god og engasjerande aktivitet. Både i mjølkemiljøet og i landbruket ellers!

 

 


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag