Rovdyrsituasjonen i vår region


Publisert: 31.05.2024

Tid for beiteslepp og i somme område er det med blanda følelsar bøndene slepper dyra ut beite, den siste tida har det blitt observert gaupe nær fjos og beiter.

Telemark Bondelag får meldingar frå medlemmer om aukande tap til rovdyr, spesielt gaupe i vårt beiteområde. Tema var også oppe på årsmøtet til Telemark Bondelag. Dette er noko me har tatt tak i og tatt med oss vidare inn dialogmøter i rovviltregionen me tilhøyrar, region 2, som er Vestfold, Telemark, Agder og Buskerud. Her møter bondelaget, bonde- og småbrukarlaget, sau og geit, samt representantar frå Statsforvalteren og SNO.

I løpet av året har me to dialogmøter, eit vår- og eit haustmøte, før rovviltnemnda har sine møter. Møtene fungerer godt, me opplever at me har ein god dialog og at næringa blir lytta til.

Vårmøtet vart halde på Århus gård 4. April. Me hadde ein gjennomgang av jakta og sporingssesongen. Når me ser på resultata av jakta ser me at det ikkje blir felt så mykje dyr som ein skulle ønske seg i beiteområder og områder med tap. På bakgrunn av dei tilbakemeldingane me har fått, lufta me moglegheita for å gjera endringar i jaktområde, slik at det kan bli større sjans for å få tatt ut gaupe i område med beitedyr og områder med tap. Dette var det stemning for hjå representantane frå næringa i alle fylker.

Me kan koma med forslag til endringar, som rovviltnemnda må ta stilling til.  Det vart i møtet sett ned ei gruppe med eit medlem frå kvart fylke i rovviltregionen vår som skal koma med forslag om endringar i jaktområde og kvotefordeling. Gruppa har sett seg frist for å ha klart eit forslag til medio september. Då kan me sende forslaget til nemnda i god tid før dei har sitt haustmøte, der kvoter blir fordelt, i november.

Frå Telemark er det leiar i Telemark sau og geit, Jon Aslak Austjorde, som sit i arbeidsgruppa. Eventuelle innspel eller forslag kan rettast til Jon Aslak.  Arbeidsgruppa består ellers av Jørund Kvaale Hansen, Agder Bondelag, Tore Kravik, Buskerud Sau og Geit og Thomas Pettersen, Vestfold Bondelag.

Det er også gjort observasjonar av Jerv i nordre og vestre delar av vår region og i rovvilt region 1 (Vestland). Her har det mest sannsynleg vore ei yngling som ein ikkje har vore klar over.  Dette tok me også opp i dialogmøtet, her var SNO veldig tydelege på at dette var eit situasjon dei følgde nøye og hadde beredskap med både mannskap og helikopter.

Det blir jobba med å betre sjansane for å felle rovdyr i beiteområde og så må me berre håpe at det blir ein god beitesesong i år med lite tap og god tilvekst.

Ønsker du å få oppdatert rovdyr informasjon, registrer deg her: rovviltvarsling.fylkesmannen.no

Trude Flatland, rovviltkontakt i Telemark Bondelag


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag