Tradisjonar å ta vare på


Publisert: 18.12.2022

Tradisjonar å ta vare på

Jola nærmar seg, for mange er jol familie, tradisjonar og mat i skjønn forening. Gode mattradisjonar er verdt å ta vare på!  I ei tid der det er stort fokus på berekraft, klima og økonomi, vil vi i Telemark Bondelag oppfordre til å kjøpe norskprodusert mat også til jol.

I Noreg brukar me mykje tradisjonsmat til høgtider og andre merkedagar i løpet av året. Felles for desse mattradisjonane er at det er den lokale bonden som står for råvarene. Det er den lokale bonden og dei lokale naturgitte føresetnadene som over tid har skapt dei norske mattradisjonane. Like sikkert som at vi har eit variert landbruk i Noreg, har me ulike mattradisjonar rundt om i landet.

Før i tida var førebuingar til jolehøgtida ein del av det daglege arbeidet på garden gjennom heile året. Alt frå ull til klede, skinn til sko, legge til side litt korn til kornband og spare den finaste halmen til byte av sengehalm, som det var tradisjon for å byte til jol. Oktober og november vart rekna som den beste tida å slakte på dei fleste stader i landet. Dyra var feite og fine etter sommaren, det var lønnsamt for å spare på vinterfôret og samtidig blei det kaldare i været. Det var viktig med tanke på slaktehygiene, men også for oppbevaring av kjøtet. Mange stader var det også tradisjon for å slakte på stigande måne, då vart kjøt og flesk best og drugast.

Det er mykje som har endra seg, men no som då, skulle det vera best mogleg mat og i rikelege mengder i jolehøgtida.

Det er ikkje lenger vanleg å drive med førebuingar til jol gjennom heile året. Mykje skjer dei siste vekene og dagane før jolehøgtida. I ei tid med mykje påverknad utanfrå, press, lyd og lys i alle butikkar, senter og gater, kan nokon og ein kvar bli stressa. Me kan gløyme både det eine og det andre i alt jaget.

Me i Telemark Bondelag trur ikkje du gløymer mattradisjonane dine. Me håpar du heller ikkje gløymer oss bønder som framleis står på året rundt for at det skal vere norske varer i butikken både til jol, kvardags og dei andre høgtidene gjennom året.

Det beste vi kan gjere, er å gjere oss mindre sårbare. Ved å ha ein trygg og god norsk løpande matproduksjon i heile landet. På den måten kan me framleis kose oss med pinnekjøt, kålrabistappe, ribbe og det som elles måtte bli laga til på kjøkenet i dei norske heimar i tida framover.

Me ynskjer alle ei god og balansera jolehøgtid.

Helsing styret i Telemark Bondelag
fylkesleder, Aslak Snarteland


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag