Færderprisen til Renate Ottersen


Publisert: 08.12.2022

Æres den som æres bør

Kvart år deler Færder kommune ut “Færderprisen”, “Færderstipendet” og “Naturprisen”.

-“Færderstipendet”, som er på 25.000,-, gjeng til ein ung person som har utpekt seg innenfor eit område. I år blei Isak Gurrik vinnaren for sin satsing på skyting. Den satsinga har ført til at han er teke ut til Skyttarlandslaget Ung 2023.

– “Nærturprisen”. Den gjekk til noken som har gjort ein solid innsats for at Færder-innbyggerane skal bli kjend med den rike naturen dei har lett tilgjengeleg i egen kommune; Jens Fyhn tok i mot på vegne av “Naturstafetten”.

– “Færderprisen”  er forbeholdt ein person som har bidrege til å profilere kommunen på ein særs god måte.

I år var det mjølkebonde Renate Ottersen som vant “Færderprisen”. Den seiste mjølkebonden i Færder kommune, eit stykke ut på Tjøme. Ho fekk heder og ære, og ei flott tegning av Svein Nyhus tegna til Andrè Bjerkes “Nå begynner vi” med ein tekst til Renate.

Vestfolds, og landets, mange bøndar fortjener det å ærast. Innad i næringa er me flinke til å verdsete kollegaers innsats. Alle veit kva som ligg i arbeidet me legg ned for å ivareta matsikkerheten og rett utnyttelse av ressursane naturen tilbyr. Når ein kommune anerkjenner den innsatsen ein bonde representerar, er det synleggjering av nettopp den innsatsen.

Renate Ottersen er Tjøme, og Færders, seiste mjølkebonde.
Kvote 350.000 liter
Årskyr 37, totalt 100 storfé med smått og stort
Leverar stutkalv som mellomkalv (250kg)
Areal 490daa, fordela på 32 skifter
Leiger ut gamle gjødselkjellaren til Færder Får

I 2006 overtok ho Skauen Gård. Faren og moren til Renate var arbeidsomme folk. Dei sette sin ære i å utvikle garden i takt med tida. Uten å gå på bekostning av kvalitet. Det Renate overtok var eit bruk i aktiv drift. Men det gamle båsfjoset og kjøp av meir mjølkekvote tvinga fram behovet for eit nytt fjos. I 2009 bygde ho lausdriftsfjos med mjølkerobot.

Historie og framtid er og har vore heilt avhengige av beitedyr, planteproduksjon og havdrift. På Tjøme er det skrinn jord. Det er mange grøne flekkar av gras innimellom skog som ikkje er dyrkbar, knausar og små hus. Husa har etterkvart blitt større og bøndane har blitt færrre. Her ute har det budd rederar, kunstnerar, fattige fiskerar og småbøndar. Kvar minste lille flekk har stor verdi. Eit grunnlag for matproduksjon, og Renate sin arbeidsplass. Ein arbeidsplass som genererar fleire andre arbeidsplassar.

Renate har arbeid hardt for å få offentlege etatar og lokalbefolkninga til å forstå viktigheten av å ta vare på kulturlandskap og utnytte naturressursane. Måndag viste Færder kommune kva det betyr for dei at Renate har stått på.

Marius Roth Christensen bidrog til eit høgtidlegt arrangement, eit arrangement med beina på jorda. Akkompangert av kake og stettglas.

Redaksjonen gratulerer Renater Ottersen. Og takk til Kari Lise J Dybo for tekst og bilder

Se også sak om utdelinga i avisa Øyene (åpen sak)


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag