Julemøte for TINE-produsenter i Vestfold

Tine Julemiddag. Lite.

21.12.17. I slutten av november var TINEs melkebønder samlet til julemøte med nyttig informasjon og god mat på Solhaug i Andebu.  Bygdekvinnelaget sto for serveringa, og Eivind Kjuus og Elisabeth Irgens Hokstad  ga de frammøtte faglig påfyll.

Tine julemiddag 2017

 

Fredag 24.nov hadde mjølkebøndane i Vestfold jolemøte. 64 fann vegen til Solhaug i Andebu.

 

Der hadde Andebu bygdekvinnelag dekt på, og stod klare til å servere jolemiddag levera av Flykafèen. Den falt absolutt i smak, og med rislunsj til dessert var me klare for eit innlegg av Eivind Kjuus. Han er sjef for TINE Råvare og bur i Horten.

 

Sjølv om PU-ordning, mjølkekvalitet, strategi og inntransport kanskje er litt tungt ein fredagskveld så var det nyttig og passe langt. Elisabeth I. Hokstad informera litt om TINE og styrearbeid etterpå. Tradisjonen tro var det utlodning på inngangsloddet, og tre osteposar var av det gjevaste. Med bilde av ei geit på eine sida, og ei kyr på andre sida var det tydelegt kven som stod for råvara!

 

Programmet var slutt rundt 22.00, men folk blei sitande og preke sammen over kaffekoppen ei god beite etterpå. Ein triveleg kveld, og ei fin innledning til adventstida. God Jol

 

Takk til Kari Lise Joarsdotter Breivik for tekst og bilder.